top of page

Lyst å kjøra eige hundespann?

Bli med på hundekjøring

Ein draumetur

På Skotten Seter har me 20 huskyar som nesten ikkje klarer å vente med å kome seg ut på tur kvar dag! No kan du få oppleve spenninga med å køyre ditt eige hundespann.

Før me legg ut på eventyr, sørgjer me for at du har varme og gode klede. Deretter får du ei grundig opplæring i korleis du styrer ein hundeslede. Når du er klar, tek me turen inn i hundegarden for å helse på dei firbeinte heltane. Saman med ein annan gjest får du ansvaret for fire hundar – dine turkameratar for dagen.

Hundane er ivrige og klare for avgang. Når alt er gjort klart, opnar me porten, og så bær det av stad! Snart legg roen seg, og det er berre å nyte turen gjennom det vakre vinterlandskapet. Me køyrer gjennom skog, over myrer og gjennom vakkert vinterlandsskap.

Sjølve sledeturen varer om lag ein time, og halvvegs byter me slik at begge får prøve å styre. Tilbake i hundegarden fortener dei firbeinte ein god dose kos og ein takk for innsatsen.

Til slutt samlast me rundt bålet med noko varmt i koppen og ein liten godbit. Her fortel Tuva meir om hundekøyring, og du får sjansen til å stille alle dei spørsmåla du måtte ha om livet med huskyar.

Dette er ei oppleving du seint vil gløyme❄️🐕✨

20241209_142506.jpg
Under
Nemo og Morill

Plass til 5 personar pr tur

3 timars-oppleving

Tur kl 10/11 og 16 kvar dag

1595 kr for vaksne

895 kr for barn under 12 år

Stad

Skotten Seter - Bed & Husky

Kler

Me har ytterkler og sko du kan låne, men ta gjerne på deg ullklær, gode sokkar, hua, buff i halsen, vottar og solbriller.

Booking

Send mail til post@skottenseter.com eller ta kontakt på 93233805. 

Alder

Dette er ein tur som passer for alle. Barn under 12 år skal ha med ein vaksen på turen. 

Gavekort

Ein bedre gave å gi bort skal du leita lenge etter! Ta kontakt så fikser me gavekort.

Endringar

Med forbehald om dårleg vêr, kan turen bli avlyst. Dette til det beste for både dyr og menneske. Då finner me ein ny dag som passer.

Eige ansvar

Alle som deltar på hundekjøring med oss deltar på eige ansvar.

Møt hundane

I dag står det 12 vaksne hundar og 8 kvalpar bak setera!  Alle er rasen Alaska husky, og blir trent til å springe hundeløp. Vinteren 2025 er det Femundløpet 450 km (VM) som er målet.

I hundegaren er det Tuva som er sjef. Ho gledar seg til å ta med gjester på tur til vinteren og dele ekte naturopplevingar.

bottom of page